søndag 17. mars 2019

Hello from London!
Då har vi endeleg landa i senga etter en ganske så travel dag. Den byrja med at vi skulle møte opp på Flesland kl.07:00. Etter ein to timers flytur landa vi i London rundt kl.10:00 (lokal tid). På flyplassen vart vi henta med buss, og frakta til ADC college. Der venta vertsmora vår på oss, og tok med oss og dei 4 store koffertane våre med seg heim. Det var trangt!!!! Huset vi kom til ligg i eit fint og roleg nabolag. Det er eit lite hus, men veldig fint og koseleg. Vertsmora tok oss godt i mot frå første stund, og viste oss rundt i huset, og gav oss praktisk informasjon. Vi pakka ut dei 4 store koffertane våre på det vesle rommet vi fekk tildelt (ikkje meir plass en nødvendig). Vi slappa av på rommet i eit par timar, og fant oss til rette, før det vart middag. Sidan foreldra til vertsmora vår kjem frå Jamaica fekk vi mat som er typisk frå Karibien. Det var veldig godt, og bestod av kylling, ris og litt anna greier.
Etter middag tok vi oss ein tur til Oxford Street. På vegen møtte vi en REV! Vi kom oss trygt fram i undergrunnen (takka vere Sofie). Dessverre stengte dei fleste butikkane akkurat då vi kom fram. Som trøyst kjøpte vi oss godteri (godteributikken var open).

Vi kom oss trygt heim til vertsmor, og skal no legge oss til å slappe av. Blir tidleg kveld i dag, sidan vi skal opp tidleg i morgon ! :) God natt frå oss<3

XOXO Sofie & Amalie







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Min refleksjon over opphaldet

No er vi heime igjen i Norge og eg ville fortelje dokke litt om mine tankar rundt arbeidsplassen:) Eg vil begynne med å fortelje litt om h...