søndag 7. april 2019

Borte bra, men heime best!

Endelig er vi komne heim, og det er eg glad for. Det var kjempekjekt å vere i London, kunne godt ha vore der ei veke til, men no kjenner eg at det var godt å kome seg heim til kvardagen. London var ein stor opplevelse som eg ikkje kjem til å gløyme. Det var mykje nytt og eg opplevde ein heilt annan levemåte enn det eg er vand med. Det var veldig lærerikt. 

Arbeidsplassen eg var på var ganske ulik i forhold til korleis vi har det i Noreg. Aldersheimane er veldig ulike frå plass til plass, men dette var korleis min var: 

I London er det ikkje så veldig stort fokus på hygiene og reinsemd, det merka eg når eg kom på arbeidsplassen min. Det var ikkje veldig gale når eg fyrst kom inn i bygget for det såg ganske likt ut slik vi har det i Noreg. Når eg kom inn på avdelingane og fekk sett meir korleis dei gjorde det, så såg eg korleis det faktisk var. Det var ikkje slik at vi såg at det var ureint, men det var meir uhygieniske måtar å handtere ting på. For eksempel så vaska dei bestikk og koppar m.m. for hand. Dei vaska sjeldan hendene, det var som regel berre når hendene var "synleg" skitne. Det at dei sprita seg på henda var det også dårleg med, eg såg kanskje berre ein automat på kvar avdeling. Det var fem avdelingar, som då vil seie at det var ca. berre fem antibak- automatar på heile bygget. 
Eg var ikkje med under stell for det fekk eg ikkje lov til, men det eg såg av hanskebruk var ikkje så bra. Dei brukte hanskar viss ein brukar til dømes sleva veldig, men då var dei borti andre ting med dei same hanskane før dei tok dei av. Det som heller ikkje var så hygienisk var at det var veldig mange vegg-til-vegg tepper. Om det då kom søl på golvet, så var det ikkje den ikkje så lett å reingjere på ein god og hygienisk måte.

Maten var overraskande bra der eg jobba. Dei hadde sitt eige kjøkken der, og vi som jobba der fekk middag på arbeidsplassen. 

Kommunikasjonen var både bra og dårleg. Dei som jobba der snakka om brukarane og andre kollegaer framfor alle som satt i stova som om dei ikkje var der. Dei kunne også ignorere brukarane om dei maste veldig mykje, i staden for å realisere brukarane og roe dei ned. Men det som var positivt var at dei tilsette var veldig snille mot brukarane elles. Dei hadde eit godt forhold til dei, det er ikkje så rart sidan dei jobbar 12 timars skift. Dei tilsette kunne gå bort til brukarane og fortelle dei kor glade dei var i dei og kor fine brukarane såg ut. I tillegg var dei veldig høflige og sa unnskyld om dei kom borti brukaren.
Dei tilsette tok også godt vare på kvarandre. Dei kunne seie kvarandre at dei måtte sette seg og slappe av litt, kanskje be dei om ta seg ein kopp te eller lage seg litt toast. Brukarane var også slik både med dei andre brukarane og dei ansatte. Dei kunne spørre dei andre brukarane korleis det gikk og be dei tilsette om å sette seg ned og slappe av. 

Nokre tilsette kunne "sjå ned" på kollegane sine som hadde ei lågare stilling/utdanning. Dei kunne også "sjå ned" på meg og forklare meg ting eg allereie viste fordi dei trudde eg ikkje kunne noko siden eg var der for "Work experience". 

Noko eg likte veldig godt med denne arbeidsplassen var at det var som regel to aktivitetar kvar dag. Det var ein kl. 11.30 og ein kl 15.00. Aktivitetane  kunne vere bingo, spelestund, "happy hour" (då fekk dei seg drikke frå baren), og barn kom for å synge, snakke eller spele med dei eldre. Det at ungane kom og besøkte dei eldre var nok brukarane sin favoritt. 

Det eg merka meg var at krava er mykje lågare i London enn dei er i Noreg. Ein sjukepleiar i London hadde vorte rekna meir som ein helsefagarbeidar i Noreg. Det såg ut som at ein helsefagarbeider der har lågare kompetanse enn ein helsefagarbeidar etter vårt system. 

main 14 063d 0062 courtyard and gardens

14 063d 0479 dining room

14 063d 0497 lounge

14 063d 0128 bedroom 3



 - Sofie







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Min refleksjon over opphaldet

No er vi heime igjen i Norge og eg ville fortelje dokke litt om mine tankar rundt arbeidsplassen:) Eg vil begynne med å fortelje litt om h...