søndag 7. april 2019


Godt å vere heime!

No har tre veker gått, og vi er alle komne heim att til Noreg. Det var veldig godt og komme heim, men kjenner også det var veldig trist. Eg stortrivest i London og kunne gjerne ha vore der lenger. Så no sit eg igjen med masse erfaringar og tankar om korleis opphaldet der nede har vore.

På min arbeidsplass var det ganske dårleg kommunikasjon. Dei ansatte satte seg so og sei aldri ned med pasientane. Nesten alle av dei ansatte var utanlandske, og snakka ofte sit språk blant pasientane. Eg og Sigrid merka fort at der var mange pasientar som var glade i å snakke og fortelje om livet sitt. Vi blei fort glade i pasientane, og det var trist å reise frå dei.

Hygienen på arbeidsplassen er ikkje akkurat noko å skryte av. Dei brukar same hanskane under heile stellet, og dei brukar ikkje stellefrakk. Eg har ikkje på dei tre vekene vi var der sett nokon nytte seg av antibac. Hendene har eg kun sett blitt vaska når dei går frå stell til frukosten, og før dei skal ete sin eigen mat.

Aktivitetar er noko dei er flinke til i England. På veggen heng der ei liste med tre aktivitetar som skal gjerast kvar dag. I tillegg kjem der folk som syng, ber ei bøn for dei, og frisøren ein gong i veka. Det dei kanskje kunne vore litt flinkare til er å gjennomføre desse tre aktivitetane som er skrivne opp.

Maten dei fekk på sjukeheimen var heilt grei. Dei fekk det same til frukost kvar dag, men eg trur ikkje dei hadde noko imot det. Lunsjen virka som regel ganske god, sjølv om den er noko heilt anna enn det eg er vandt med. Det som er veldig bra er at dei utanlandske brukarane får tilrettelagt mat.

På desse tre vekene i London har eg fått gjort masse kjekt, og fått mange nye erfaringar. Det er stor skilnad på sjukeheim i London og Noreg, noko vi merka veldig tidleg. Vi skal vere veldig glade for at vi bur her i Noreg.

-     Amalie


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Min refleksjon over opphaldet

No er vi heime igjen i Norge og eg ville fortelje dokke litt om mine tankar rundt arbeidsplassen:) Eg vil begynne med å fortelje litt om h...