torsdag 4. april 2019

Siste natt i London!

Rart å tenke på at vi allereie har vore her nede i nesten tre veke. Tida har gått veldig fort, og vi har hatt det veldig kjekt. Vi kjenner det skal bli godt å komme heim, men kjem også til å savne kvardagen her nede!
Dagen i dag har vi for det meste brukt saman med vertsmor. Elles har vi vore på jobb, der vi har tenkt mykje på kor trist det blir å forlate dei søte pasientane! <3 Så har vi pakka siste resten i koffertane våre, det var ikkje berre enkelt. Sofie er forsatt litt usikker på korleis ho skal få med seg alt heim! No sit ho og trykk i seg chips for å få meir plass i kofferten.
Men no må vi få lagt oss! Det blir en laaaang dag imåra.
Natta frå Amalie og Sofie.



 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Min refleksjon over opphaldet

No er vi heime igjen i Norge og eg ville fortelje dokke litt om mine tankar rundt arbeidsplassen:) Eg vil begynne med å fortelje litt om h...