torsdag 11. april 2019

Min refleksjon over opphaldet

No er vi heime igjen i Norge og eg ville fortelje dokke litt om mine tankar rundt arbeidsplassen:)

Eg vil begynne med å fortelje litt om hygienen. I Norge har vi veldig god hygiene og gode prosedyrar for å ivareta den, men på den arbeidsplassen eg var på var den ikkje like god. Uniform heime ifrå, bruk av same hanskar under stell på fleire av pasientane, bruk av same stellefrakk under stell av fleire pasientar(om det vart brukt i det heiletatt), er litt av ein god del uhygieniske ting dei gjorde på sjukeheimen. Brukarane måtte og dele på felles dusj og felles toalett.

Kommunikasjonen var heller ikkje så god. Alle som jobbar på sjukeheimen kom fra utlandet og hadde ein vanskeleg aksent å forstå både for meg og bebuarane på sjukeheimen. Det var heller ikkje vanleg for dei å bruke litt av fritida på å prate med pasientane. Når dei først prata med dei så verka det som om dei snakka til barn og dei brukte ofte å sei "good girl", som da tyder flink pike på norsk, noko man gjerne seier til små barn.
Noko som var litt artig å høyre var at ein del av både personalet og pasientane trudde engelsk var hovudspråket vårt i Norge og at det ikkje fantest ''norsk'', sidan vi snakka så bra engelsk.

På sjukeheimen var det meir fokus på aktivitetar enn i Norge, men samtidig var det ein del som eigentleg er meint for barn, til dømes: teiknefargelegging, puslespel og kaste ball. Eg har også lakka ein del negler på dei tre vekene der, vert med brukarane og nøyt sola ein dag, hjelpt til med ein forenkla version av bingo, og har hatt mange timar med dei der vi berre pratar.

Andre ting på sjukeheimen er at dei får same frukost kvar dag, havregryntsgraut og loff smørbrød. Det er også ein del som blir mata utan å trenge det og blir løfta i heis sjølv om dei hadde klart å gå sjølv. Det blir mykje lettvinte og raske gjennomføringa.

Alt i alt har ditta gitt meg MYKJE god erfaring som eg kan reflektere på og ta med meg vidare i livet. Eg er veldig takksam for å ha fått lov til å oppleve desse tre vekene:))

Sigrid Tyssekvam<3


Logg om praksis i London
Første dagen eg kom til arbeidsplassen trudde eg det var ein heilt vanleg sjukeheim, men viste seg å vere mentalt sjukeheim. Det var eigentleg ganske spennande å jobbe der og få sjå korleis dei jobbar i en heilt anna kultur med andre verdiar. Eg såg mange forskejeller frå allereie første dagen eg var der mellom Norge og London. Som for eksempel dei hadde ikkje så spesielt mykje fokus på hygienen og prioriterte andre ting foran å ha god hygiene. Min oppgåve på denne arbeidsplassen har vore mest å passe på pasientene, ha en god kommunikasjon med dei og gi dei mat. Som er nokon av dei viktigaste faktorane når du jobbar i helsesektoren synest eg ihvartfall. Eg trur det var godt for pasientane å ha nokon å snakke med og føle at dei blir sett sjølv om dei kanskje ikkje greier å utykke seg så godt på verbal kommunikasjon, men eg trur det betyr mykje å vise at du er der og faktisk vise at du bryr deg om pasientane. For det var nokon ansatte på jobben som ikkje hadde lyst til å snakke med en av pasienten, fordi pasienten lukta vondt. Som eg synest blir litt frekt mot pasienten som berre vil bli høyrt.
Kommunikasjonen på jobben har eigentleg gått ganske greitt og eg føler eg har meistra engelsk språket godt sånn at både pasientane forstår meg og dei annsatte. Eg synest at nokon av dei annsatte var litt dårlige i engelsk så var av og til litt vanskelig å skjønne kva dei ville fram til, men eg forstod det meste og det viktigaste. Det var til og med ein pasient som trudde eg var frå England, fordi eg hadde så god utale. Så det var litt godt å høyre at dei forstod meg. Det er nokon pasientar som ikkje har språk så da var det viktig å ha eit tydeleg og godt kroppsspråk sånn at pasientane forstod kva eg ville fram til og for å ha en god kommunikasjon med pasientane.
På arbeidsplassen har vi en aktivitør som var veldig flink til jobben sin. Det var aktivteter ofte for dei som orka det. Det var finger maling og turer ute for nokon av pasientane når det var fint vær ute. Dei høyrte også på musikk i mens dei teikna.

Maten i London har som regel vore fish and chips og grønnsaker ved siden av.
Til slutt vil eg berre sei litt om mine tanker ved dette opphaldet mitt her i London. Eg synest denne turen her har vore heilt fantastisk og veldig spennande. Eg har lært utruleg mykje og blitt meir selvstendig som er ganske positivt. Eg har også sett kva forskjeller det er mellom Norge og England. Eg synest det har vore utruleg kjekt med kjekke folk skulle berre ønske det hadde vore en veke ekstra sånn at eg kunne nøte vakre London og visst du får sjansen så anbefaler eg deg å dra til London. Dette var en svært kjekk tur. Takk for meg London!

Av Tristan Bergby

mandag 8. april 2019

Heime fra London

Etter 3 veker i London var det godt å komme heim til familie og venner, sjølv om eg godt kunne vært der ein stund til. Eg har fått opplevd masse gøy og spennande, og ikkje minst fått utfordra meg selv. Eg har fått lært og sett masse nytt både innanfor jobben, men også utanfor jobben. London er ein opplevelse eg slettest ikkje vil glemme.

På min arbeidsplass var det ikkje eit stort fokus på hygiene, noko det sann generelt ikkje er i London. I Noreg er vi veldig nøye på hygiene, så det var veldig rart å komme til ein sann arbeidsplass der eg ikkje såg ein einaste Antibac dispenser på heile bygget. Einaste gongene eg såg dei ansatte vaske seg på henda var før og etter stell, og før og etter mat.
Eg var ikkje med på å observere stell, så eg kan dessverre ikkje si noko på korleis hygienen var under stell. 

Kommunikasjonen derimot varierte veldig fra kvar ansatt. Nokon av dei ansatte var veldig nøye på å prate med kvar enkel pasient om morningen, medan andre sa bare hei og gjekk vidare. Kontaktpersonen min brukte masse tid på morningen for å snakke med pasientene, og gi dei en klem. Ho var veldig flink med kommunikasjon, både språk og kroppsspråk. I tillegg til det snakka ho fransk og litt tysk med dei pasientene som kunne dei språka. Dette såg eg gjor pasientane glade. Ellers var dei ansatte høflige mot kvarandre og mot pasientene. Kommunikasjonen mellom dei ansatte var veldig bra, og dei passa på å hjelpe kvarandre med ulike oppgåver.

Til lunsj fikk pasientene mange ulike rettar dei kunne velge mellom. Kvar dag kunne dei velge enten kjøtt eller fisk, potetstappe eller potetbitar, suppe eller salat, og mange typa dessert. Vi fekk ikkje lov til å mate pasientane, men vi hjalp til med å dele ut og rydde av borda etterkvart som dei var ferdige. Når vi var ferdig med det, fekk vi og litt lunsj, sia kontaktpersonen vår ville vi skulle spare penger. Maten smakte veldig godt. Eg vil si at maten her var bedre enn den i Noreg, i og med at pasientene kan velge kva dei vil spise til kvart måltid, og det er variert.

På min arbeidsplass har vi tre aktiviteter kvar dag. Dette kan være alt fra tur til parken, konsert, maling, vinsmaking, kino og besøk av museumet. Dei har også en frisør som kjem innom 2 gonger i veka. På veggen henger der eit oppsett med alle aktivitetene for heile veka. Dette skifter vi ut kvar veke. Dei er veldig flinke på aktivitetar, og dei er veldig flinke til å variere litt på dei. Dei gjennomføre alle aktivitetene kvar dag til samme tid, og dei får med seg så å si dei fleste av pasientene.

Eg er veldig takknemlig for å ha fått blitt med på eit slikt opplegg, og eg angrer ikkje på at eg søkte. Dette har vert tre fantastisk fine veke.

- Isabelle




søndag 7. april 2019


Logg om min tur til London



Hygienen på min arbeidsplass var ikke den beste. Med en gang jeg kom inn om morgningene så kom det en intens lukt, men når de vasket eller hadde vasket så lukta såpen de brukte ganske godt. De ansatte brukte hansker under stell, men gikk ofte rundt med hanskene etterpå. Det var to antibakker i bygget som jeg så, og de blei ikke akkurat tomme på en LANG stund. De brukte både stellefrakk under stell og en sånn blå frakk under servering av mat.

Kommunikasjonen mellom de ansatte og pasientene var ikke så veldig god, mange der sleit med å snakke engelsk, og de ansatte kunne være veldig utålmodige eller veldig lei, og det viste de godt med kroppsspråket. Når de først var i humør så kanskje de gikk forbi en pasient og smilte og sa hei eller noe lignende. Dagene ble ofte lange for meg som jobbet der, men pasientene må jo ha veldig lange dager med tanke på at de så å si kun sitter i en stol hele dagen uten å kommunisere med noen. Tror det hjalp veldig når jeg var der og hadde tid og mulighet til å snakke med dem.

Maten de fikk så noen ganger veldig god ut og luktet godt, men noen ganger så kunne det se veldig ekkelt ut for meg som ikke var helt vant til den lukta eller kanskje utseende på maten. Pasientene likte veldig godt maten og de fikk forhåndsvisning av to retter de kunne velge mellom tidligere på dagen.  Det gikk ofte i «Fish and Chips» eller noe kylling og chips og de fikk dessert etter middagen som for eksempel pudding eller yoghurt.

London var en veldig god og lærerik opplevelse, mye nye inntrykk og nye erfaringer. Jeg fikk blant annet ofte mestringsfølelse i forhold til å kunne finne fram til steder i en storby. Jeg likte veldig godt å kunne bli bedre kjent med omgivelser, kulturer og andre ting i slike steder verden har å tilby. Mange ting som var uvant for eksempel at de ikke vasket klærne sine mer enn en gang i uken og at de brukte samme håndkle i over en uke. Dette var fordi strøm i London er veldig dyrt. Jeg vil til slutt konkludere med at erfaringene jeg har fått har fått meg til å innse at jeg er heldig som bor i Norge. 
Northwood Nursing Home


       - Michael




Borte bra, men heime best!

Endelig er vi komne heim, og det er eg glad for. Det var kjempekjekt å vere i London, kunne godt ha vore der ei veke til, men no kjenner eg at det var godt å kome seg heim til kvardagen. London var ein stor opplevelse som eg ikkje kjem til å gløyme. Det var mykje nytt og eg opplevde ein heilt annan levemåte enn det eg er vand med. Det var veldig lærerikt. 

Arbeidsplassen eg var på var ganske ulik i forhold til korleis vi har det i Noreg. Aldersheimane er veldig ulike frå plass til plass, men dette var korleis min var: 

I London er det ikkje så veldig stort fokus på hygiene og reinsemd, det merka eg når eg kom på arbeidsplassen min. Det var ikkje veldig gale når eg fyrst kom inn i bygget for det såg ganske likt ut slik vi har det i Noreg. Når eg kom inn på avdelingane og fekk sett meir korleis dei gjorde det, så såg eg korleis det faktisk var. Det var ikkje slik at vi såg at det var ureint, men det var meir uhygieniske måtar å handtere ting på. For eksempel så vaska dei bestikk og koppar m.m. for hand. Dei vaska sjeldan hendene, det var som regel berre når hendene var "synleg" skitne. Det at dei sprita seg på henda var det også dårleg med, eg såg kanskje berre ein automat på kvar avdeling. Det var fem avdelingar, som då vil seie at det var ca. berre fem antibak- automatar på heile bygget. 
Eg var ikkje med under stell for det fekk eg ikkje lov til, men det eg såg av hanskebruk var ikkje så bra. Dei brukte hanskar viss ein brukar til dømes sleva veldig, men då var dei borti andre ting med dei same hanskane før dei tok dei av. Det som heller ikkje var så hygienisk var at det var veldig mange vegg-til-vegg tepper. Om det då kom søl på golvet, så var det ikkje den ikkje så lett å reingjere på ein god og hygienisk måte.

Maten var overraskande bra der eg jobba. Dei hadde sitt eige kjøkken der, og vi som jobba der fekk middag på arbeidsplassen. 

Kommunikasjonen var både bra og dårleg. Dei som jobba der snakka om brukarane og andre kollegaer framfor alle som satt i stova som om dei ikkje var der. Dei kunne også ignorere brukarane om dei maste veldig mykje, i staden for å realisere brukarane og roe dei ned. Men det som var positivt var at dei tilsette var veldig snille mot brukarane elles. Dei hadde eit godt forhold til dei, det er ikkje så rart sidan dei jobbar 12 timars skift. Dei tilsette kunne gå bort til brukarane og fortelle dei kor glade dei var i dei og kor fine brukarane såg ut. I tillegg var dei veldig høflige og sa unnskyld om dei kom borti brukaren.
Dei tilsette tok også godt vare på kvarandre. Dei kunne seie kvarandre at dei måtte sette seg og slappe av litt, kanskje be dei om ta seg ein kopp te eller lage seg litt toast. Brukarane var også slik både med dei andre brukarane og dei ansatte. Dei kunne spørre dei andre brukarane korleis det gikk og be dei tilsette om å sette seg ned og slappe av. 

Nokre tilsette kunne "sjå ned" på kollegane sine som hadde ei lågare stilling/utdanning. Dei kunne også "sjå ned" på meg og forklare meg ting eg allereie viste fordi dei trudde eg ikkje kunne noko siden eg var der for "Work experience". 

Noko eg likte veldig godt med denne arbeidsplassen var at det var som regel to aktivitetar kvar dag. Det var ein kl. 11.30 og ein kl 15.00. Aktivitetane  kunne vere bingo, spelestund, "happy hour" (då fekk dei seg drikke frå baren), og barn kom for å synge, snakke eller spele med dei eldre. Det at ungane kom og besøkte dei eldre var nok brukarane sin favoritt. 

Det eg merka meg var at krava er mykje lågare i London enn dei er i Noreg. Ein sjukepleiar i London hadde vorte rekna meir som ein helsefagarbeidar i Noreg. Det såg ut som at ein helsefagarbeider der har lågare kompetanse enn ein helsefagarbeidar etter vårt system. 

main 14 063d 0062 courtyard and gardens

14 063d 0479 dining room

14 063d 0497 lounge

14 063d 0128 bedroom 3



 - Sofie








Godt å vere heime!

No har tre veker gått, og vi er alle komne heim att til Noreg. Det var veldig godt og komme heim, men kjenner også det var veldig trist. Eg stortrivest i London og kunne gjerne ha vore der lenger. Så no sit eg igjen med masse erfaringar og tankar om korleis opphaldet der nede har vore.

På min arbeidsplass var det ganske dårleg kommunikasjon. Dei ansatte satte seg so og sei aldri ned med pasientane. Nesten alle av dei ansatte var utanlandske, og snakka ofte sit språk blant pasientane. Eg og Sigrid merka fort at der var mange pasientar som var glade i å snakke og fortelje om livet sitt. Vi blei fort glade i pasientane, og det var trist å reise frå dei.

Hygienen på arbeidsplassen er ikkje akkurat noko å skryte av. Dei brukar same hanskane under heile stellet, og dei brukar ikkje stellefrakk. Eg har ikkje på dei tre vekene vi var der sett nokon nytte seg av antibac. Hendene har eg kun sett blitt vaska når dei går frå stell til frukosten, og før dei skal ete sin eigen mat.

Aktivitetar er noko dei er flinke til i England. På veggen heng der ei liste med tre aktivitetar som skal gjerast kvar dag. I tillegg kjem der folk som syng, ber ei bøn for dei, og frisøren ein gong i veka. Det dei kanskje kunne vore litt flinkare til er å gjennomføre desse tre aktivitetane som er skrivne opp.

Maten dei fekk på sjukeheimen var heilt grei. Dei fekk det same til frukost kvar dag, men eg trur ikkje dei hadde noko imot det. Lunsjen virka som regel ganske god, sjølv om den er noko heilt anna enn det eg er vandt med. Det som er veldig bra er at dei utanlandske brukarane får tilrettelagt mat.

På desse tre vekene i London har eg fått gjort masse kjekt, og fått mange nye erfaringar. Det er stor skilnad på sjukeheim i London og Noreg, noko vi merka veldig tidleg. Vi skal vere veldig glade for at vi bur her i Noreg.

-     Amalie


torsdag 4. april 2019

Siste natt i London!

Rart å tenke på at vi allereie har vore her nede i nesten tre veke. Tida har gått veldig fort, og vi har hatt det veldig kjekt. Vi kjenner det skal bli godt å komme heim, men kjem også til å savne kvardagen her nede!
Dagen i dag har vi for det meste brukt saman med vertsmor. Elles har vi vore på jobb, der vi har tenkt mykje på kor trist det blir å forlate dei søte pasientane! <3 Så har vi pakka siste resten i koffertane våre, det var ikkje berre enkelt. Sofie er forsatt litt usikker på korleis ho skal få med seg alt heim! No sit ho og trykk i seg chips for å få meir plass i kofferten.
Men no må vi få lagt oss! Det blir en laaaang dag imåra.
Natta frå Amalie og Sofie.



 
 

onsdag 3. april 2019

To dagar igjen til avreise!

Tida her nede i London har gått kjempe fort.  No er det da to dagar igjen til vi reiser heim att til Norge, og vi har dratt fram kofferten for å smått begynne å pakke saman alt rotet.Vi har opplevd mykje, som dokke har lest om i tidlegare innlegg. Det å vere her ei ekstra veke hadde absolutt ikkje skada, men det å komme heim til venner, familie og den kjedelege kvardagen skal nok bli godt.

Vell, litt kort om dagen i dag...

Vi begge hadde dagen vår på jobb heilt til vi møttes på eit senter som ligg på Harrow on the hill. Der var vi også med Sofie og Amalie. Alle vi jentene, unntatt Amalie, hadde planer om å ta vippe extensions på dette senteret. Sigrid som var først ut i ilden, og også den einaste, fekk på nye vipper, men resultatet gjorde til at dei andre fekk seg ein god latter og holdt seg langt unna den sjappa. No må prøvekanina gå med desse ''flotte'' vippene i heile to veke, minst.... (vist ho ikkje får fjerna dei før)

No ligg vi i kvar vår seng, ser serie, beundra vippene til Sigrid, og er klar for ein ny dag:)

 På veg til jobb
 Isabelle koser seg<3


Vippekatastrofe 
 2 extra
 Sååå fornøgd!
Slapper av:)



Sigrid & Isabelle

No er vi ferdig med 2 (og øve en halv) av 3 veke eg veit ikkje om eg er kjempe glad for det eller som eg er lei meg for det! Eg stor trivast på arbeid og sammen med dei eg bur med:) men eg gleda meg til norsk mat, hygiene, trygghet og ikkje minst det å kunne snakke norsk! Som kanskje nåken har fått med seg har det våre litt drama no i nord London. Noko som har vert Veldi ubehagelig.

Første veka eg var i praksis fekk eg mange ark, ark med spørsmål vi skulle stille brukarane dette er for å bli lettare kjend med dei og få starta samtalen. Der er spørsmål alt frå Kva dei lika å ete til frukost til kva dei gjorde før i tida, eg har tilsaman fått 4 Persona eg skal snakke med. Kommunikasjonen går i grunn ganske fint, Det var uvant i starten men det har komt seg litt etterkvart som tida har gått

Dette har vert en utruleg lærerik praksis periode for meg! Den har våre både utfordrande psykisk og fysisk! Kjem eg til å savne å vere i London? Absolutt! Men eg kjem ikkje til å savne loff og sjokolade gryn til frukost og lunsj. Eg har blitt bedre i engelsk og vil sei eg er blitt meir sjølvstendig! Eg har og og fått mykje inspirasjon til aktivitet og andre dagligdagse oppgåver som for eksempel å finne dato, dag og eventuelt månad.

Praksisplassen min har vert ein utruleg fin plass å vere på men eg kan sjå dårleg hygiene for eksempel har eg sett at personal har mista medisin på golve og at dei berre har plukka den opp og gitt den! Eg har og sett at dei berre skylle et glass andre har brukt og fylle det opp med drikke. Eg har lært mykje om forskjellen på her og i Norge. 


Eg er glad eg reiste, eg sitte no igjen med gode vennar og nye erfaringar! 

- Camilla

Mitt Eventyr I London

Første dagen eg kom til arbeidsplassen trudde eg det var ein heilt vanleg sjukeheim, men viste seg å vere mentalt sjukeheim. Det var eigentleg ganske spennande å jobbe der og få sjå korleis dei jobbar i en heilt anna kultur med andre verdiar. Eg såg mange forskejeller frå allereie første dagen eg var der mellom Norge og London. Som for eksempel dei hadde ikkje så spesielt mykje fokus på hygienen og prioriterte andre ting foran å ha god hygiene. Min oppgåve på denne arbeidsplassen har vore mest å passe på pasientene, ha en god kommunikasjon med dei og gi dei mat. Som er nokon av dei viktigaste faktorane når du jobbar i helsesektoren synest eg ihvartfall. Eg trur det var godt for pasientane å ha nokon å snakke med og føle at dei blir sett sjølv om dei kanskje ikkje greier å utykke seg så godt på verbal kommunikasjon, men eg trur det betyr mykje å vise at du er der og faktisk vise at du bryr deg om pasientane. For det var nokon ansatte på jobben som ikkje hadde lyst til å snakke med en av pasienten, fordi pasienten lukta vondt. Som eg synest blir litt frekt mot pasienten som berre vil bli høyrt.

Kommunikasjonen på jobben har eigentleg gått ganske greitt og eg føler eg har meistra engelsk språket godt sånn at både pasientane forstår meg og dei annsatte. Eg synest at nokon av dei annsatte var litt dårlige i engelsk så var av og til litt vanskelig å skjønne kva dei ville fram til, men eg forstod det meste og det viktigaste. Det var til og med ein pasient som trudde eg var frå England, fordi eg hadde så god utale. Så det var litt godt å høyre at dei forstod meg. Det er nokon pasientar som ikkje har språk så da var det viktig å ha eit tydeleg og godt kroppsspråk sånn at pasientane forstod kva eg ville fram til og for å ha en god kommunikasjon med pasientane.

På arbeidsplassen har vi en aktivitør som var veldig flink til jobben sin. Det var aktivteter ofte for dei som orka det. Det var finger maling og turer ute for nokon av pasientane når det var fint vær ute. Dei høyrte også på musikk i mens dei teikna.

Maten i London har som regel vore fish and chips og grønnsaker ved siden av.

Til slutt vil eg berre sei litt om mine tanker ved dette opphaldet mitt her i London. Eg synest denne turen her har vore heilt fantastisk og veldig spennande. Eg har lært utruleg mykje og blitt meir selvstendig som er ganske positivt. Eg har også sett kva forskjeller det er mellom Norge og England. Eg synest det har vore utruleg kjekt med kjekke folk skulle berre ønske det hadde vore en veke ekstra sånn at eg kunne nøte vakre London og visst du får sjansen så anbefaler eg deg å dra til London. Dette var en svært kjekk tur.

 Takk for meg London!


Av Tristan Bergby


tirsdag 2. april 2019

Heihei! 

Må skrive litt om min arbeidsplass Idag, litt om kommunikasjon, trivsel og velvære, hygiene, og aktiviseringen på avdelingen. Samt vil jeg skrive litt om mine tanker om blant annet oppholdet her i London.

Kommunikasjonen på arbeidsplassen min er sånn som så, det er ganske forskjellig frå Norge iallefall, her har dei godt samarbeid med taxi, sykepleiere, leger, aktivitører også videre. Men jeg vil kanskje si at de e litt dårlige til å kommunisere vondt hverandre og at de kanskje blir en del snakk over pasientene. På min avdeling er en stor del av de innlagte demente på flere stadier, men samtidig klarer arbeideren og tilpasse seg godt til hver og en. 

Hygienen på jobben virker ganske seriøst, på kjøkkenet har de egen kokk, der er hygiene tiltakene strenge og har fått en sterk fem av fem på godkjenningen av hygiene. Det er krav på hvordan en går kledd når en skal inn, t.d at en må ha hvit, ren kjøkken frakk når en skal inn å ve der ei stund, hår i stikk, og vanlige hygiene tiltak som handhygiene og hansker. Det lille innerkjøkkenet er ikke like strengt men det er fordi det ikke lages noe, kun til oppbevaring. Ellers ser du alltid noen som rydder, Støvsuger, vasker og utfører hygieniske tillatt. Også et det plassert ut antibak rundt-om. Som jeg ofte ser blir tatt i bruk. 

Det virker som trivsel er noe en setter veldig sterk, arbeiderene setter brukerens behov og ønsker først og utfører de så godt de kan. De har ofte ulike aktiviteter som tilfredsstiller kvar enkelt, det er alltid utfordringer for kva enkelt men det er aldri en oppgave de faktisk ikke kan utføre. Dei er også ganske kreativ med ulike aktivitet, de er ute i Hagen og gjør hage arbeid eller slapper av og nyter solen, eller så kan de ha male dag, eller tema dag. Idag lagde vi cup cakes, noe som var kjekt for alle å være med på, og du såg trivselen blomstre mellom brukerene og arbeideren. 
De har aktivitet hver dag flere ganger for dagen, og det virker som de trives med dette, avdelingsleder er meget god til å tilpasse og motivere hver og en. 

Under detta oppholde har jeg hatt både opp og ned turer, det har verdt en innholdsrik og kjekk tur, en god opplevelse der jeg har fått ganske gode venner. ellers trives eg godt på arbeidsplassen min og i vertsfamilien.


-Thora Sofie 🥰 








mandag 1. april 2019

London Zoo

I helga var Tristan, Michael, Sofie og Amalie på tur og besøke dei søte dyra dei hadde i london. Men det visste seg at alle ikkje var like søte og hyggelige som vi trudde. Det var veldig mangen ulike dyr som vi besøkte og fekk sjå fra veldig kort avstand. Vi fekk sjå mangen ulike fisker som levde i havet og det var veldig fasierande å sjå kor unike noken av dei var. Tristan og Michael blei litt skuffa da det viste seg at dei ikkje hadde noke hai der. Vi gjekk og innom reptil avdelingen når vi var der. Der var det litt skumlere skapninga. Der hadde dei svære slanger og giftige frosker. Det var tilogmed en frosk som du kunne dø av visst du tok på den. Noken av slangene dei hadde der kunne bli opp til 8 meter lange. Som er heilt sjukt spør du meg. Etter det gjekk vi vidare å såg på tiger og løvene. Som var alt for nære oss synest ihvartfall eg. Det var heilt rått å sjå på kor store dei dyra var. Dei hadde også eit Gorilla Kingdom der dei sikkert hadde over 5 gorilla på meir en 100kg kvar. Der alle dei var i lag i eit bur. Det var ganske kult å sjå alle dei gorillane på ein plass.

Så når vi endelig hadde tenkt til å dra heim etter en lang dag så såg vi på karte vårt at det var en plass igjen der vi ikkje hadde vore. Det var nemlig BUGS avdelingen!!! Noke Tristan og Michael var veldig gira på, mens Amalie og Sofie ikkje var like begeistra for. Når vi kom inn skjønnte egentlig alle at dette skulle berre vere en kjapp tur inn og ut. Det første vi såg når vi kom inn var mangen kakkelakker som låg og rulla på tallerken med mat på og låg oppi vasken. Som var ganske motbydelig. Vedsiden av kakkelakkene var det eit glassromm der du kunne gå fritt med sjukt mangen edderkopper. Der noken av edderkoppene var gigantiske. Men eg og Michael berre kasta oss inn, sjølv om begge to er redd for edderkopper. Sofie trakk seg heilt ut og skulle stå langt unna dei edderkoppane, men Amalie blei med inn etter kvart. Det var heildigviss ikkje så stort, men dei var overalt. Det var edderkoppa i taker, på gulvet og på veggen. Det stod eit skilt der at edderkoppane kunne hoppe på deg. Med en gang vi såg det skilte sprang vi så fort vi kunne ut derfra.

Eg vil sei at detta var en vellykka og fin dag på London Zoo og visst du noken gang får muligheten til å dra dit så anbefaler eg deg på det sterkaste å ta turen innom. Er mangen fine dyr og sjå på. Så eg vil oppsumere med at dette var ein fin avslutning på helga med kjekke folk.

Under her kjem litt bilde fra Dyreparken.

MVH Tristan Bergby Carlsen :)










Min refleksjon over opphaldet

No er vi heime igjen i Norge og eg ville fortelje dokke litt om mine tankar rundt arbeidsplassen:) Eg vil begynne med å fortelje litt om h...