torsdag 11. april 2019


Logg om praksis i London
Første dagen eg kom til arbeidsplassen trudde eg det var ein heilt vanleg sjukeheim, men viste seg å vere mentalt sjukeheim. Det var eigentleg ganske spennande å jobbe der og få sjå korleis dei jobbar i en heilt anna kultur med andre verdiar. Eg såg mange forskejeller frå allereie første dagen eg var der mellom Norge og London. Som for eksempel dei hadde ikkje så spesielt mykje fokus på hygienen og prioriterte andre ting foran å ha god hygiene. Min oppgåve på denne arbeidsplassen har vore mest å passe på pasientene, ha en god kommunikasjon med dei og gi dei mat. Som er nokon av dei viktigaste faktorane når du jobbar i helsesektoren synest eg ihvartfall. Eg trur det var godt for pasientane å ha nokon å snakke med og føle at dei blir sett sjølv om dei kanskje ikkje greier å utykke seg så godt på verbal kommunikasjon, men eg trur det betyr mykje å vise at du er der og faktisk vise at du bryr deg om pasientane. For det var nokon ansatte på jobben som ikkje hadde lyst til å snakke med en av pasienten, fordi pasienten lukta vondt. Som eg synest blir litt frekt mot pasienten som berre vil bli høyrt.
Kommunikasjonen på jobben har eigentleg gått ganske greitt og eg føler eg har meistra engelsk språket godt sånn at både pasientane forstår meg og dei annsatte. Eg synest at nokon av dei annsatte var litt dårlige i engelsk så var av og til litt vanskelig å skjønne kva dei ville fram til, men eg forstod det meste og det viktigaste. Det var til og med ein pasient som trudde eg var frå England, fordi eg hadde så god utale. Så det var litt godt å høyre at dei forstod meg. Det er nokon pasientar som ikkje har språk så da var det viktig å ha eit tydeleg og godt kroppsspråk sånn at pasientane forstod kva eg ville fram til og for å ha en god kommunikasjon med pasientane.
På arbeidsplassen har vi en aktivitør som var veldig flink til jobben sin. Det var aktivteter ofte for dei som orka det. Det var finger maling og turer ute for nokon av pasientane når det var fint vær ute. Dei høyrte også på musikk i mens dei teikna.

Maten i London har som regel vore fish and chips og grønnsaker ved siden av.
Til slutt vil eg berre sei litt om mine tanker ved dette opphaldet mitt her i London. Eg synest denne turen her har vore heilt fantastisk og veldig spennande. Eg har lært utruleg mykje og blitt meir selvstendig som er ganske positivt. Eg har også sett kva forskjeller det er mellom Norge og England. Eg synest det har vore utruleg kjekt med kjekke folk skulle berre ønske det hadde vore en veke ekstra sånn at eg kunne nøte vakre London og visst du får sjansen så anbefaler eg deg å dra til London. Dette var en svært kjekk tur. Takk for meg London!

Av Tristan Bergby

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Min refleksjon over opphaldet

No er vi heime igjen i Norge og eg ville fortelje dokke litt om mine tankar rundt arbeidsplassen:) Eg vil begynne med å fortelje litt om h...