mandag 8. april 2019

Heime fra London

Etter 3 veker i London var det godt å komme heim til familie og venner, sjølv om eg godt kunne vært der ein stund til. Eg har fått opplevd masse gøy og spennande, og ikkje minst fått utfordra meg selv. Eg har fått lært og sett masse nytt både innanfor jobben, men også utanfor jobben. London er ein opplevelse eg slettest ikkje vil glemme.

På min arbeidsplass var det ikkje eit stort fokus på hygiene, noko det sann generelt ikkje er i London. I Noreg er vi veldig nøye på hygiene, så det var veldig rart å komme til ein sann arbeidsplass der eg ikkje såg ein einaste Antibac dispenser på heile bygget. Einaste gongene eg såg dei ansatte vaske seg på henda var før og etter stell, og før og etter mat.
Eg var ikkje med på å observere stell, så eg kan dessverre ikkje si noko på korleis hygienen var under stell. 

Kommunikasjonen derimot varierte veldig fra kvar ansatt. Nokon av dei ansatte var veldig nøye på å prate med kvar enkel pasient om morningen, medan andre sa bare hei og gjekk vidare. Kontaktpersonen min brukte masse tid på morningen for å snakke med pasientene, og gi dei en klem. Ho var veldig flink med kommunikasjon, både språk og kroppsspråk. I tillegg til det snakka ho fransk og litt tysk med dei pasientene som kunne dei språka. Dette såg eg gjor pasientane glade. Ellers var dei ansatte høflige mot kvarandre og mot pasientene. Kommunikasjonen mellom dei ansatte var veldig bra, og dei passa på å hjelpe kvarandre med ulike oppgåver.

Til lunsj fikk pasientene mange ulike rettar dei kunne velge mellom. Kvar dag kunne dei velge enten kjøtt eller fisk, potetstappe eller potetbitar, suppe eller salat, og mange typa dessert. Vi fekk ikkje lov til å mate pasientane, men vi hjalp til med å dele ut og rydde av borda etterkvart som dei var ferdige. Når vi var ferdig med det, fekk vi og litt lunsj, sia kontaktpersonen vår ville vi skulle spare penger. Maten smakte veldig godt. Eg vil si at maten her var bedre enn den i Noreg, i og med at pasientene kan velge kva dei vil spise til kvart måltid, og det er variert.

På min arbeidsplass har vi tre aktiviteter kvar dag. Dette kan være alt fra tur til parken, konsert, maling, vinsmaking, kino og besøk av museumet. Dei har også en frisør som kjem innom 2 gonger i veka. På veggen henger der eit oppsett med alle aktivitetene for heile veka. Dette skifter vi ut kvar veke. Dei er veldig flinke på aktivitetar, og dei er veldig flinke til å variere litt på dei. Dei gjennomføre alle aktivitetene kvar dag til samme tid, og dei får med seg så å si dei fleste av pasientene.

Eg er veldig takknemlig for å ha fått blitt med på eit slikt opplegg, og eg angrer ikkje på at eg søkte. Dette har vert tre fantastisk fine veke.

- Isabelle




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Min refleksjon over opphaldet

No er vi heime igjen i Norge og eg ville fortelje dokke litt om mine tankar rundt arbeidsplassen:) Eg vil begynne med å fortelje litt om h...