torsdag 11. april 2019

Min refleksjon over opphaldet

No er vi heime igjen i Norge og eg ville fortelje dokke litt om mine tankar rundt arbeidsplassen:)

Eg vil begynne med å fortelje litt om hygienen. I Norge har vi veldig god hygiene og gode prosedyrar for å ivareta den, men på den arbeidsplassen eg var på var den ikkje like god. Uniform heime ifrå, bruk av same hanskar under stell på fleire av pasientane, bruk av same stellefrakk under stell av fleire pasientar(om det vart brukt i det heiletatt), er litt av ein god del uhygieniske ting dei gjorde på sjukeheimen. Brukarane måtte og dele på felles dusj og felles toalett.

Kommunikasjonen var heller ikkje så god. Alle som jobbar på sjukeheimen kom fra utlandet og hadde ein vanskeleg aksent å forstå både for meg og bebuarane på sjukeheimen. Det var heller ikkje vanleg for dei å bruke litt av fritida på å prate med pasientane. Når dei først prata med dei så verka det som om dei snakka til barn og dei brukte ofte å sei "good girl", som da tyder flink pike på norsk, noko man gjerne seier til små barn.
Noko som var litt artig å høyre var at ein del av både personalet og pasientane trudde engelsk var hovudspråket vårt i Norge og at det ikkje fantest ''norsk'', sidan vi snakka så bra engelsk.

På sjukeheimen var det meir fokus på aktivitetar enn i Norge, men samtidig var det ein del som eigentleg er meint for barn, til dømes: teiknefargelegging, puslespel og kaste ball. Eg har også lakka ein del negler på dei tre vekene der, vert med brukarane og nøyt sola ein dag, hjelpt til med ein forenkla version av bingo, og har hatt mange timar med dei der vi berre pratar.

Andre ting på sjukeheimen er at dei får same frukost kvar dag, havregryntsgraut og loff smørbrød. Det er også ein del som blir mata utan å trenge det og blir løfta i heis sjølv om dei hadde klart å gå sjølv. Det blir mykje lettvinte og raske gjennomføringa.

Alt i alt har ditta gitt meg MYKJE god erfaring som eg kan reflektere på og ta med meg vidare i livet. Eg er veldig takksam for å ha fått lov til å oppleve desse tre vekene:))

Sigrid Tyssekvam<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Min refleksjon over opphaldet

No er vi heime igjen i Norge og eg ville fortelje dokke litt om mine tankar rundt arbeidsplassen:) Eg vil begynne med å fortelje litt om h...