onsdag 3. april 2019

To dagar igjen til avreise!

Tida her nede i London har gått kjempe fort.  No er det da to dagar igjen til vi reiser heim att til Norge, og vi har dratt fram kofferten for å smått begynne å pakke saman alt rotet.Vi har opplevd mykje, som dokke har lest om i tidlegare innlegg. Det å vere her ei ekstra veke hadde absolutt ikkje skada, men det å komme heim til venner, familie og den kjedelege kvardagen skal nok bli godt.

Vell, litt kort om dagen i dag...

Vi begge hadde dagen vår på jobb heilt til vi møttes på eit senter som ligg på Harrow on the hill. Der var vi også med Sofie og Amalie. Alle vi jentene, unntatt Amalie, hadde planer om å ta vippe extensions på dette senteret. Sigrid som var først ut i ilden, og også den einaste, fekk på nye vipper, men resultatet gjorde til at dei andre fekk seg ein god latter og holdt seg langt unna den sjappa. No må prøvekanina gå med desse ''flotte'' vippene i heile to veke, minst.... (vist ho ikkje får fjerna dei før)

No ligg vi i kvar vår seng, ser serie, beundra vippene til Sigrid, og er klar for ein ny dag:)

 På veg til jobb
 Isabelle koser seg<3


Vippekatastrofe 
 2 extra
 Sååå fornøgd!
Slapper av:)



Sigrid & Isabelle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Min refleksjon over opphaldet

No er vi heime igjen i Norge og eg ville fortelje dokke litt om mine tankar rundt arbeidsplassen:) Eg vil begynne med å fortelje litt om h...