torsdag 21. mars 2019

VÅR DAG

Amalie: I dag har det vore ein ganske roleg dag på jobb. Eg har eigentleg berre snakka med pasientar, mata, lakka negler og liknande. Sjukeheimen eg jobbar på (Ruislip Nursing Home) er ein ganske liten, og ikkje så veldig fin sjukeheim. Med tanke på kor liten sjukeheimen er, synast eg det er bra mange pasientar, rundt 20 trur eg. Romma er veldig små, og det er felles do og dusj, noko som kanskje ikkje er det mest hygieniske. Elles er pasientane kjempe koselege, og eg trivast godt på jobb!


Sofie: Dagen for meg var også ganske roleg. Eg starta på jobb kl. 10 og slutta kl. 13 pga. at vi skulle møte opp på ADC college. Det eg gjorde på jobb i dag var å observere det som skjedde og snakke med brukarane. Den sjukeheimen eg jobba på heiter Time Court Residential and Nursing Home. Der er det veldig koseleg og fint. Dei som jobbar der er veldig hyggelege og inkluderande. Annette, som er min kontaktperson, er aktivitør og får meg med på aktivitetane. Hygienen er ikkje like bra som i Noreg, men ikkje den verste likevell. Sjølv om eg må reise i ein og ein halv time for å kome meg til jobb, så trivast eg med denne arbeidsplassen!!


Etter vi hadde møtt opp på ADC college for å snakke om korleis det går, reiste vi saman med Michael og Tristan ned til Picadilly Circus. Der var vi på m & m world, og i Chinatown. Vi stoppa og for å ete middag på Mc Donalds. Vi var og inn på ein stooor godteri butikk. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Min refleksjon over opphaldet

No er vi heime igjen i Norge og eg ville fortelje dokke litt om mine tankar rundt arbeidsplassen:) Eg vil begynne med å fortelje litt om h...