tirsdag 19. mars 2019

Første dag i praksis


I dag var første dag i praksis og det å skulle ta den kollektive transporten heilt aleine for første gang var litt skummelt, men vi klarte oss.

Isabelle: 


Eg kom på jobb i 9 tida, men det viste seg at eg egentlig ikkje trengte å møte opp før i halv 11 tida... Så det ble ein del venting i starten, men det gjekk fint. Dermed fekk eg hilst på min kontaktperson, der eg deretter fekk ei omvisning på sjukeheimen. Dette er ein privat sjukeheim, og det var så fint. Sjukeheimen eg fekk utdelt het Magnolia court care home.
Deretter gjekk eg og nokon ansatte ut til parken med noen brukara. Dette var veldig koslig, og det var sol og varmt ute. Når vi kom inn igjen gjekk eg i pause. Pausen varte i 1 time. Når eg var ferdig med det, fekk eg servert litt lunsj og dessert. Lunsjen bestod av biff og potete, medan desserten bestod av is og frukt.
Når eg var ferdig med å spise, hjalp eg til med å flytte på bord og stoler. Det skulle nemlig komme to stykker som skulle ha konsert. Dei var veldig flinke, og konserten varte i 1 time. Når konserten var ferdig hjalp eg dei ansatte med å følge passienter inn til romma sine. Så var dagen min over, og eg gjekk heim.







Sigrid:


Det var tidleg opp for meg når jobb starta 8 og det tok ca. 40 min på buss og tog. Eg kom fram i god tid til Ruislip Nursing Home. Når eg kom inn i bygninga fekk eg umiddelbart sjokk. Både utsjånad, lukt, og kvaliteten var noko heilt anna enn det er i Norge! Eg fekk observere stell og eg må innrømme at det var litt tøft for meg å sjå. Seinare fekk eg tilbringe tid med pasientane medan vi hørte på musikk frå da dei var unge.
 Eg var ferdig på jobb kl. 16.00, som vil sei at arbeidsdagen min vara i 8 tima. Eg drog på butikken med Amalie og snopa og så for eg heim igjen til Isabelle og vertsfamilien.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Min refleksjon over opphaldet

No er vi heime igjen i Norge og eg ville fortelje dokke litt om mine tankar rundt arbeidsplassen:) Eg vil begynne med å fortelje litt om h...