torsdag 28. mars 2019

Heihei!

No er vi over halvvegs i opphaldet vårt her i London! Så langt har vi fått gjort masse kjekt, som for eksempel London Eye, London Dungeon osv. Der er likevel masse vi ikkje har sett enda! Helga skal vi bruke på Madame Tussauds, Big bus tour og kanskje tar vi oss ein tur på London zoo. Shopping har det blitt mykje av, og det trur eg foreldra våre og har merka. Vi sparar ikkje på pengane våre for å sei det slik! Det blir i alle fall trangt i kofferten på veg heim, det er heilt sikkert. Sjølv om nokon kanskje har kjøpt liiitt meir enn andre... Vi har det i alle fall veldig kjekt alle saman.

På jobb er det mykje det same. Det går for det meste ut på å kommunisere med pasientar, mate og hjelpe til med aktivitetar. Pasientane er koselege, og vi kosar oss begge to på jobb!

I dag tok vi oss ein tur til Oxford Street, saman med Michael og Tristan. Vi gjekk og gjennom Hyde Park.

Litt bilder frå dei siste dagane.


- Amalie og Sofie <3




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Min refleksjon over opphaldet

No er vi heime igjen i Norge og eg ville fortelje dokke litt om mine tankar rundt arbeidsplassen:) Eg vil begynne med å fortelje litt om h...